Fritz Hellman får brått ei melding om farens død. Det er 20 år sidan han såg både faren og barndomsbyen. Men no treng han pengar, og set seg på flyet for å få tak i si rettmessige arv. Men det skal vise seg at faren var ein heilt annan enn Hellman hadde trudd. Og heimbyen er som eit vrengjebilete av byen han vaks opp i. Hellman blir omringa av si mørke fortid, og i løpet av dette stadig meir draumeliknande opphaldet, der grensene mellom død og liv blir viska ut, prøver han å finne ut kva som skjedde med faren, og til slutt kva som er i ferd med å skje med han sjølv.
Arild Rein er mest kjend for sine intelligente og samfunnskritiske romanar frå Stavanger si kriminelle underverd. Med St. Olav-komplekset har han levert sin mest originale Stavanger-roman til no.
Meldingar
"Heslig, stygt, vittig, rart, spennende og absolutt originalt fra Stavangers ´lénfant terrible´"
Lars Helge Nilsen, Bergens Tidende
"Arild Reins Stavanger ligger et sted mellom bylandskapet i filmen Blade runner og en sang av Tom Waits"
Bjørn Gabrielsen, Dagens Næringsliv
"Ut av det som ved første augekast verkar som ein dyster noir, veks ein god roman om marerittversjonen av draumen om det norske (...) særmerkt, mørk og interessant
Dag W. Surén, Dag og Tid
"God romankunst"
Hjørdis-Linnea Myhre, Framtida.no
Av det denne meldaren har lese av norsk prosa dei siste 15 åra, er Stavanger-trilogien noko av det friskaste, og det pregar sjølvsagt forventningane til denne romanen ... (Rein) står fram som ein meir moden forfattar, og som ein kunstnar med eit breiare repertoar. Det er mykje som kallar på fliren i denne romanen òg, og det er sikkert lesarar som vil la seg provosere, men dei som er opne for noe i tillegg til den gamle Rein, vil sitja att med ei uro når lesinga er avslutta – ei uro dei ikkje såg komme etter dei første sidene
Steinar Lillehaug, Klassekampen
"Leiken balansegang i ekstrem skitenrealisme (...) den Rein-romanen denne lesaren har hatt mest glede av"
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
Arild Rein
(f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Rein er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen.
For Kaninbyen Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar Kåra av Stavangers befolkning til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar 2008 med boka Kaninbyen
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2005
Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend.
Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend for 2001
Betaling og personvern
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO