Sprang

Sigrid Merethe Hanssen

Sigrid Merethe Hanssen debuterer med denne novellesamlinga, som imponerer med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspel mellom menneske.

Novellene er varierte: dei er lagt til ulike miljø, dei skiftar mellom kvinneleg og mannleg perspektiv, og skildrar barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer dei tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død.

Eg spør om ho har vore oppe på knausen no, og ho svarer ikkje på det, men ho raudnar litt synest eg, og ser bort. Eg kom berre forbi, svarer ho, skulle berre oppover til dei andre ein snartur. Ja, seier eg. Ja, for du ventar jo på nokon, seier eg, men forstår i det same at ho ikkje gjer det, at ho ikkje har tort å vente meir, og eg forstår at det kanskje ikkje er nokon å vente på. Og tunga mi hugsar noko fint og finn ein framand smak på leppene, men eg vågar ikkje heilt tru at det er slik, så eg står her berre og kan ikkje vite, og slik står ho òg og veit heller ikkje. Og trasten lagar slikt leven innover i skogen, og eg kjenner at slik er det no. At vegane finst der, men at ingen veit. Og heile tida høyrer eg nye tonar frå skogen.

Frå Bokmeldingar

"De beste tekstene er imidlertid besnærende gåtefulle og har et godt grep om leseren. Alt i alt må derfor "Sprang" karakteriseres som en stilren og dyktig utført debut."
Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten

"Hanssen stiller mikroskopet på ørsmå sekvenser mellom mennesker. Fordi kikkhullblikket inn i et liv kan fremskrive helhet. Og fordi omveltninger kan skje på mikroskopisk vis. Hun skildrer minutter fra en hyttetur, eller et møte mellom to i skogen, tankestrømmen til en far som skal formidle noe vanskelig til sitt barn."

Silje Stavrum Norevik, Bergens Tidende

"Samlingen rommer imidlertid mange gode noveller: Enkle og knappe i formen, og poetiske i uttrykket. De beste har en samtidig varhet og intensitet. Hanssen har skrevet en solid debutbok, sindig og dempet til tross for de avgjørende opplevelsene som beskrives. "
Maya Troberg Djuve, Dagbladet

"Novellene er velskrivne. Den kvinnelege forfattaren kan det litterære handverket til botnar, og røpar - kanskje utan sjølv å tenke over det - at ho har lese svært mykje. Språket er finslipa og flyt så flott at det er lett å bli imponert."
Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen

"Stillferdig og stilsikker debut"
Dagne S. Nordli, Nationen

"Sigrid Merethe Hanssen har skrevet ei stilsikker førstebok med små handlinger, ofte lagt til et nordlig kystlandskap. Det skal bli spennende å se hvordan denne følges opp."
Morten Wintervold, Nordlys


ISBN: 9788252169065

Kategoriar: Sigrid Merethe Hanssen

Emneknagg: 2007, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Sigrid Merethe Hanssen