Spøkelseshistorier

Henry James | Isak Rogde

Klassiske spøkelseshistorier

Det Norske Samlaget gir ut ei samling med tre spøkelseshistorier av hundreårsskiftets store amerikanske romanforfattar, Henry James (1843-1916). Henry James blir rekna som den moderne forteljekunstens store meister, og har skrive romanar og noveller som er klassikarar i dag. Han hadde sans for det overnaturlege og skreiv i ein periode av forfattarskapen ei lang rekke historier der det overnaturlege blir utforska. Den mest kjente, Skruen blir stramma (The turn of the screw), er ein klassisk tekst full av uhygge, kjent både for sin avanserte forteljeteknikk og for si dyrking av det merkelege og det vonde. Dei to novellene Sir Edmund Orme og Venner av vennene er også med i denne utgåva.

Boka er omsett frå engelsk av Isak Rogde.

ISBN: 9788252155877

Kategoriar: Henry James

Emneknagg: 2000, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Henry James