Soma

T. Hellesen

Rå og sanseleg roman om seksuelt begjær og underhaldningssamfunnet

Ein pressefotograf, kjend under signaturen M, arbeider med eit materiale for å sleppe unna fotografiets overflate og fasthalding av tilværet. Han sporar opp eit miljø som gjennom smerte søker erfaringar i randsonene av det forklarte og aksepterte livet.

M hamnar tilfeldigvis i Berlin, og oppdagar at han ber på eit avisutklipp om Marlene Dietrich i lommeboka. Dette leier til erkjenning av kva mønster hans eige seksuelle begjær er underlagt, og ein eksorsisme over dei hemningane dette utgjer. Det kjem til syne ein nær samanheng med korleis det seksuelle begjæret er kopla til dei store bileta i menneskelivet og måtane den moderne liberale kapitalismen og underhaldningssamfunnet fungerer på.

Frå Bokmeldingar

"Hellesen skriver rått, margfullt og opprivende sanselig, som en krysning mellom en strengt modernistisk sannhetssøker og en erotoman slugger med nihilistiske trekk."
Pål Gerhard Olsen, Bergens Tidende


ISBN: 9788252172409

Kategoriar: Skjønnlitteratur, T. Hellesen

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå T. Hellesen