Søkk

Hilde Myklebust

Episk og heilskapeleg diktsamling

Ei ung kvinne mister barnet sitt. Gjennom ein kald vinter fell sorga saman med landskapet, det skiftande lyset i årstidene, og ho oppdagar at lindringa finst nettopp i desse omgjevnadene: i den alltid nærverande naturen, i alt det som lever og høyrer uløyseleg saman der.

Søkk er ei episk og heilskapleg diktsamling, der forteljingar og historier fortalde i barndomen, minne som brått dukkar opp, segner, overtru og folkeprat, skapar ein underliggande straum av uro mot noko som vert til ei kald røynd.

Frå Bokmeldingar

"Det er noko imponerande og svært sympatisk ved Hilde Myklebusts prosjekt. Ho kjenner det landskapet ho skriv om til botns, og evnar å risse det opp i klare konturar"
Ole Karlsen, Dag og Tid

"Som både dikter og bonde er det ikke rart Hilde Myklebust fra Vanylven blir sammenlignet med Olav H. Hauge. Man finner den samme enkeltheten og nærheten til naturen i hennes dikt. Søkk er en stille og var diktsamling. [...] Språket er enkelt og poetisk, og fullt av små, men betydningsfulle observasjoner og detaljer [...]"
Sunnmørsposten,

”Dette er poesi som har funne sin kvilepuls, som er trygg i seg sjølv, utan å kave med forsert tematikk eller tilkjempa litterære verkemiddel”
Alf Kjetil Walgermo, Vårt Land


ISBN: 9788252171273

Kategoriar: Hilde Myklebust

Emneknagg: 2008, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Hilde Myklebust