Små, små løgner

Solfrid Sivertsen

Stramme og sanselege noveller frå folks dramatiske kvardagsliv

Historiene i denne novellesamlinga er henta frå folks ofte dramatiske kvardagsliv. Dei stramme og stringente novellene er sanselege og nære, og har samstundes eit generøst dryss av fine små detaljar.

I Solfrid Sivertsen sine noveller møter vi mellom andre ei gammal kvinne på sjukeheimen, ein åleinefar og ei tilbakeståande jente, som alle har noko dei vil formidle, men som på ulike vis blir hindra på grunn av situasjonane dei er i.

Frå Bokmeldingar

"«Dette var sanneleg ei triveleg historie,» kan lesaren tenkje, før novella brått deiser til deg midt i fjeset og blottlegg ein hjarteskjærande sårheit som låg gøymt bak all den kvardagslege roa."
Kari Mathilde Hestad, ABC Nyheter

"Denne boka er ei eske After Eight i bokform. Rett nok ikkje like mørk, men kvaliteten er umiskjenneleg; dette er utsøkt, elegant og gjennomført."
Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

"Velkomponerte, konsise og upretensiøse streif innom livet. Slik antakelig de fleste av oss selv kjenner det, eller kan forestille oss."
Arnstein Olaisen, Haugesunds Avis


ISBN: 9788252171938

Kategoriar: Pocket, Solfrid Sivertsen

Emneknagg: 2008, Pocket,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Solfrid Sivertsen