Last ned omslag

Bla-i-boka

Slik funkar det!

Mats Wänblad

Heime og rundt omkring

Kan du forklare korleis lyspæra kan lyse, korleis vatnet kan vere reint i alle kranene våre, korleis jordvarme fungerer, eller korleis ein oppbevarte mat før frysen fanst? Om du allereie veit det, fi nst det mykje anna ein kan suge til seg i denne faktabibelen. Kapitla i boka tek utgangspunkt i eit hus, og vi følgjer vatn, varme, straum, mat og informasjon til og frå huset. Dessutan er det eit kapittel om trafi kk og transport, og vi skal også sjå korleis ting såg ut før i tida, og korleis det (kanskje) blir i framtida. 

I Slik funkar det! er det mange underhaldande og pedagogiske forklaringar om samanhengar ein ikkje kan google seg fram til. Boka har velskrivne og lett tilgjengelege tekstar og spenstige og gjennomarbeidde illustrasjonar. Her får barn – og vaksne – kunnskap om korleis det nødvendige i kvardagen vår fungerer og heng saman. 

Dei klassiske How things work-bøkene er hugsa og elska av veldig mange som las dei i oppveksten. Dette er ei heilt ny utgåve, i og med at mykje har endra seg sidan bøkene kom ut på 1970-talet. 

Omsett av Øystein Rosse.  


ISBN: 9788252192087

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Mats Wänblad

Emneknagg: 2016, Innbunden,

Sjanger: Faktabøker



Meir frå Mats Wänblad