Skrivepedagogikk

Alf Gunnar Eritsland

Nyttig metodikkbok for alle som skal undervise i skriving! Boka gir ei teoretisk innføring i skrivepedagogikk og ei rekkje metodiske tips til korleis ein kan arbeide med skriving i ulike sjangar og ulike læringssituasjonar.

Skrivepedagogikk. Teori og metode er ei ny grunnbok om skriveopplæring. Forfattaren sameiner ulike skrivepedagogiske tradisjonar som prosessorientert skriving og kreativ skriving, og drøftar korleis skriveopplæringa kan utviklast vidare i vår digitale skrivekvardag. Læraren blir oppfordra til å hente og kombinere impulsar frå ulike skrivepedagogiske retningar, og slik samle stoff til ei rikhaldig verktøykasse for tilpassa skriveopplæring.

Ved sidan av å gi ei teoretisk innføring i skrivepedagogikk, gir boka ei rekkje metodiske tips til korleis ein kan arbeide med skriving i ulike sjangrar og ulike læringssituasjonar. Forfattaren drøftar mellom anna korleis ein kan nytte IKT i skriveopplæringa og kva for utfordringar og moglegheiter ein står overfor i det fleirkulturelle klasserommet.

Boka er skriven for studentar innanfor lærar-, adjunkt- og lektorutdanningane, og vil også vere nyttig som metodikkbok for lærarar i skulen.


ISBN: 9788252164404

Kategoriar: Alf Gunnar Eritsland, Høgskule og universitet

Emneknagg: 2004, Hefta,

Sjanger: Pedagogikk og lærarutdanning



Meir frå Alf Gunnar Eritsland