Skrive, teikne, røre og slåst!

Tor Eystein Øverås

Tor Eystein Øverås presenterer den nyskapande forfattaren, fornyaren av norsk surrealisme og vennen Sissel Solbjørg Bjugn. Boka er både ein biografi over Sissel Solbjørg Bjugn og ein presentasjon av Bjugns eigne tankar om skriving og litteratur. Tor Eystein Øverås har leita fram alt Sissel hadde på trykk i aviser, tidsskrift og antologiar, og dessutan alle intervju ho gav. Utvalet han presenterer i denne boka, viser fram ein særeigen og kresen poet, eit eruptivt skapande sinn, som samtidig blei styrt og filtrert av eit strengt sjølvkritisk blikk. Boka viser også fram ukjende sider ved teiknaren Bjugn. Bjugn var samansett både som menneske og som kunstnar. Ho vandra mellom skrivebordet og skriftestolen, til ho braut med den katolske kyrkja fordi kyrkja nekta å sleppe til kvinnelege prestar. Ho melde seg inn i statskyrkja igjen då Rosemarie Köhn blei Noregs første kvinnelege biskop. I 1988 blei ho landskjend då det erotiske kjærleiksdiktet «Heltinnetrinnet» blei trykt på kronikkplass i Dagbladet. Aller helst ville Bjugn ha vore salmediktar eller rockeartist. Då hadde ho verkeleg nådd ut ...




Meir frå Tor Eystein Øverås