{"product_id":"sja-der-gar-ein-barndom-om-lesaren-litteraturen-og-det-fortalde","title":"Sjå, der går ein barndom: om lesaren, litteraturen og det fortalde","description":"Maria Parr er blant dei største norske barnebokforfattarane gjennom tidene. Med bøker som \u003cem\u003eVaffelhjarte\u003c\/em\u003e, \u003cem\u003eTonje Glimmerdal\u003c\/em\u003e og \u003cem\u003eOskar og eg \u003c\/em\u003ehar ho engasjert, rørt og underhalde barn og vaksne i over tjue år.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eInnimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne, både essay, talar og tampar til lokalavisa Synste Møre. Felles for desse tekstane er ei interesse for og undersøking av det som skjer i møte mellom ein lesar og ein skrivar. Om korleis tilsynelatande små og uviktige opplevingar kan vide seg ut og gi meining og betyding langt utover den personlege erfaringa.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eSjå, der går ein barndom \u003c\/em\u003eer ei samling tekstar der Maria Parr tek oss med til det magiske landskapet barndom, til dei stemmene og forteljingane som inspirerte ho til å finne stemma \u003cem\u003esi\u003c\/em\u003e. Samlinga er ei kjærleikserklæring til biblioteka, til formidlarane og til alle dei som bidreg til å vide verda ut for lesarane. \u003cbr\u003e","brand":"Maria Parr","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":47966572216541,"sku":"9788234016349","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_6f219d0d-2594-47ec-857c-9c3c4a4e5b27.jpg?v=1779908547","url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/sja-der-gar-ein-barndom-om-lesaren-litteraturen-og-det-fortalde","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}