Senatet som aldri vart

Morten Søberg

Essaysamling frå innsida av det politiske miljøet.

Søberg skriv kunnskapsrikt om dissensar i regjering, statsrådsfall, statssekretærane som den nye politiske klassen og om mangelen på saft og kraft i debattane i stortingssalen. Han lyfter ��g opp i dagen politiske arkitektar og handverkarar som har endra Noreg og prega norsk politikk �� frå fylkesmann Schei og reform av kommunestrukturen til Carl I. Hagen, som Søberg kallar den fremste konstitusjonelle politikaren på Stortinget i moderne tid.

Ein raud tråd gjennom essaysamlinga er politisk dugleik, mot og kvalitet: Søberg diskuterer kva John F. Kennedy la i dette og viser korleis Lagtinget i si tid var meint å vera eit senat etter amerikansk mønster – med senatorar av typen Kennedy ovundra. Slik gjekk det ikkje. Men både hjå Kennedy og i referata frå lagtingssalen finst det døme på tankar, skrift og tale som peikar framover mot det som kan verta: eit betre konstitusjonelt demokrati med dyktigare og meir inspirerande politikarar.

Frå Bokmeldingar

"For lesarar som er opptekne av politikk og har sans for freistnader på å sjå dagsaktuelle politiske stridsspørsmål i eit historisk perspektiv, er det mykje å fi nna i Søbergs essay frå Stortinget, både av skarpsynte observasjonar, profilerte personlege vurderingar og av framlegg som provoserer lesaren til sjølv å ta stilling."
Inge Lønning, Dag og Tid

"På sitt beste virker Søberg både belest og beleven ... Her har vi en politisk rådgiver som gjør mer enn å skrive taler, utredninger og lovforslag for sin representant. Det skal en sette pris på."
Ivar A. Iversen, Dagsavisen

"Søberg skriv særs godt. Korrekt og stilsikkert, men samstundes overraskande og morosamt. Han er god på elegante vendingar. Ei god essaysamling eg hadde stor glede av."
Bård Vegar Solhjell, www.bardvegar.no


ISBN: 9788252173321

Kategoriar: Morten Søberg

Emneknagg: 2009, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Morten Søberg