Last ned omslag

Bla-i-boka

Sebastian i draum. Gjendikta av Jon Fosse

Georg Trakl | Jon Fosse

Jon Fosse har gjendikta den austerriske lyrikaren Georg Trakl (1887–1914). Trakl er rekna som ein av dei viktigaste tyskspråklege poetane og som den meste sentrale i den tyske ekspresjonismen.

Trakl blei berre 27 år, og den litterære produksjonen omfattar berre to diktsamlingar, Gedichte frå 1913 og hovudverket Sebastian im Traum frå 1915, i tillegg til nokre einskilddikt. Forfattarskapen tilhøyrer likevel verdslitteraturen. Dikta har i seg ein markert og unik musikalitet og eit særeige biletspråk, der ikkje minst fargane er viktige.

Trakl var apotekar, og då første verdskrig braut ut, blei han kalla inn av hæren som militærapotekar. Under krigen opplevde han slaget ved Grodek og fekk nervesamanbrot. 3. november 1914 døydde Trakl av hjartesvikt etter ein overdose kokain. Sebastian im Traum kom ut like etter at Trakl var død, våren 1915.

Jon Fosse har vore oppteken av Trakl frå han var heilt ung. Allereie diktdebuten til Jon Fosse inneheldt frie gjendiktingar av Georg Trakl. For den unge Fosse var Trakl den store lyrikaren. Han likte sanningane, stemningane, biletspråket, den repetitive musikaliteten.



Meir frå Georg Trakl