Last ned omslag

Bla-i-boka

Rosehagtornen

Helga Songøygard Battin

Om folk kunne vere meir som plantar

Tilia prøver å finne plassen sin i vaksenlivet generelt og i forholdet til Adrienne spesielt. Det er lettare sagt enn gjort, for det er krevjande å vere vaksen, og Adrienne er så sikker på alt. Då er det enklare å omgi seg med planter: Dei slår rot og veks og blømer. Sitrongeraniumen har til og med formeira seg til sjølvstendige planter gjennom alle avleggarane Tilia har gitt vekk. Og medan Adrienne byrjar å snakke om barn, ønsker Tilia seg mest av alt eit tre, ein
rosehagtorn.

Rosehagtornen er ei smart, morosam og sår forteljing om å bli vaksen.

Frå Bokmeldingar

«Romanen er lettlest, med eit sanseleg språk som skaper klåre bilete av både miljø og stemningar. Både blomar og menneske går inn i kvarandre i ei fin og stundom humoristisk skildring av overgangen til det å bli vaksen.» Jannicke Totland, framtida.no






Meir frå Helga Songøygard Battin