Rid i natt

Erna Osland

Forfattaren tek oss tilbake til Sjælland i kongeriket Danmark-Noreg på slutten av 1700-talet. Den unge kronprinsen er sjukleg og blir sett på ein herdingskur av kongens lege, Struensee. Kuren består av enkel bondekost og ein leikekamerat frå folket, gjetarguten Johannes.

Forteljinga til Johannes krinsar om vennskap: om kor livsviktig den er. For har du ein venn, har du ein å vente på, ein å snakke til. Om du er prins eller gjetargut, kan du seie: "Her er eg, høyr på meg, snakk til meg!" Ja, så viktig er vennskapen at om du ikkje har ein venn, så må du dikte deg ein!

Rid i natt er ei bok om å vekse opp, om den makt og avmakt som følgjer med - og om det merkelege samspelet mellom røyndom og fantasi.


ISBN: 9788252158670

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Erna Osland

Emneknagg: 2001, Innbunden,

Sjanger: Ungdom



Meir frå Erna Osland