Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588_x0096_1666) folket til kamp mot overmakta.
Rasmus Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Forteljinga er lagd i munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske overmakta, på nært hald. Denne storslåtte romanen vil ikkje berre appellere til dei som vil lese eit litterært portrett av ein spennande historisk skikkelse, men også til alle som er interesserte i historie.
Meldingar
"Øystein Orten vekker 1600-tallets kyst-Norge til live ... Nærmest som i en islandsk heltesaga, tar historien til med Rasmus’ foreldre, før vi følger Rasmus gjennom barndom, til han bryter opp og farer til sjøs, og til slutt vender hjem. Boka gir et levende bilde av kyst-Norge på 1600-tallet. Her blir vi vitne til tidens kår – sult, nød, krig og heksebrenning. Men her er også fine skildringer av det daglige liv og arbeid – gårdsdrift og losing."
Bjarne Robberstad, Klassekampen
"På høgt nivå (...) Det historiske stoffet er blitt transformert på overtydande vis til ein fascinerande roman, til eit solid litterært verk (...) Mykje av styrken i romanen botnar i to forhold: forteljestilen og historiekunnskapen og det intime samspelet mellom dei (...) Ingen overflødige ord, korte setningar, velvalde ord med røter i lokalmiljøet, fargerike personnamn og tilnamn, utsøkt replikkunst, alt dette er det som skaper ein atmosfære av barskt vestlandsk kystmiljø og ein dåm av norsk kolonihistorie på 1600-talet. Forfattaren har dukka ned i sin eigen og vår forhistorie og funne ei soge som han formidlar på framifrå vis."
Jostein Sæbøe, Romsdals Budstikke
"Målmedvite forsøk på å foreina historiske fakta og diktarisk innleving ... dramatiske scener og poetisk skildrande sekvensar gir eit livfullt bilete av personar og landskap og syner korleis representantar for den danske kongemakta undertrykkjer fattigfolk i det koloniserte Noreg. Her går historisk kunnskap, fantasikraft og politisk-sosialt engasjement ofte saman på elegant, perspektivskapande vis."
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad
"Ein sann svir å lese (...) Språket er i ei klasse som gjer at eg berre må setje ned lesehastigheita. Få med meg orda som kvernar og mel, sneidar fram og smir ei forteljing ut av fantasi, folklore og historiske dokument. Orten saumar saman forteljeglede og kunnskap og serverer eit krunamål. Dette er eit karstykke."
Torill Myren, Sunnmørsposten
"Øystein Orten har skrive ei truverdig historie. Ei bok som gir lærdom og oppleving på fleire plan og i eit språk som er ei nyting å lese. Han har, for å seie det enkelt, rett og slett skrive ein god roman."
Vidar Parr, Synste Møre
Øystein Orten
(f. 1962) er oppvaksen og bur i Hareid på Sunnmøre. Orten har skrive fleire diktsamlingar. Orten er kjent for si sterke forteljarkraft og evne til å kombinere historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. For kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004) blei han bl.a. kalla ein «ordkunstnar av klasse». Dei tre romanane Livingstones retrett (2003), Vegen til Neverland (2005) og Rabarbrakrigen (2007) utgjer ein slags trilogi om kjærleik, svik og skuld, men også om identitet, håp og gleda ved å høyre til. I 2009 ga Orten ut dokumentarboka Himmelen over Shetland ei spennande bok med historier om motstand og eksil i Noreg under den andre verdskrigen. I 2011 kom novellesamlinga Sjabervik. Orten er utdanna lektor og har hovudfag i historie. Når han ikkje skriv bøker, underviser han i norsk, historie og religion på Ulstein vidaregåande skule.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO