Rasmus Løland

Ernst Berge Drange

Rasmus Løland (1861��1907) frå Hylsfjorden i Ryfylke er ein pioner i norsk barnelitteratur. Han kom frå eit ressurssterkt gardsmiljø, viste tidleg talent for skriving, men var heile sitt korte liv ramma av sjukdom.

Alt som 17-åring leverte han sine første bidrag til Fedraheimen, men debuterte først 30 år gamal i 1891 med boka Folkeliv. Løland skreiv i alt nærare 30 bøker, forteljingar, skodespel og romanar, både for born og vaksne. Han blir rekna som ein av dei første realistane i norsk barnelitteratur. I forteljingar som Paa sjølvstyr og Det store nashorne tar han barnets synsvinkel og skriv konkret og jordnært, utan moralistiske overtonar. Løland flytta til Kristiania i 1897 og blei ein sentral person i det nynorsk-intellektuelle miljøet i byen. Han var medarbeidar i avisa Den 17de mai, var aktiv i målrørsla og redaktør av Norsk Barneblad. Dei siste leveåra budde han på Labråten ved Hvalstad, som næraste nabo til Arne og Hulda Garborg. Han døydde 46 år gamal av tuberkulose.

Ernst Berge Drange (f. 1954) er etnolog, lokalhistorikar og bygdebokskrivar. Til arbeidet med biografien om Rasmus Løland har han gått gjennom eit enormt og unikt kjeldemateriale, bl.a. tusenvis av handskrivne dagbokblad frå forfattaren. Slik gir biografien eit levande bilete av Lølands barndoms- og oppvekstmiljø, men også eit unikt innblikk i korleis den uredde fritenkjaren og radikalaren Løland levde, skreiv, debatterte og fortvilte i det særeigne Kristianiamiljøet han var ein del av.

Frå Bokmeldingar

"Skildringa av det lokale bygdemiljøet er framifrå, levande og historisk interessant."
Roy M. Eriksen, Haugesunds Avis

"[...] ei spennande bok om ein spennande person, ei bok til å læra av."
Vidar Høviskeland, Nashornet.no

"Drange viser hvor rikholdig den åndelige kulturen var i mange norske bygder på 1800-tallet, og slett ikke bare religiøst. [...] Dranges bok er først og fremst et spennende inntak til den nynorske avantgardens liv og tenkning i Kristiania på 1890-tallet [...]"
Guri Hjeltnes, VG


ISBN: 9788252162080

Kategoriar: Ernst Berge Drange

Emneknagg: 2007, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Ernst Berge Drange