Puddel i mikroen

Hilde Kjerland

78 utrulege, elleville, dødelege, gufne historier!

Folkevogner fylte med sement, haikarar som viser seg å vere spøkelse, pudlar tørka i mikrobølgjeovn. Du har kanskje høyrt at dette faktisk skjedde med onkelen til ein kompis?

Vandrehistoriene gir seg ut for å vere sanne, men er eigentleg heller tvilsamme. Dei blir fortalt mellom vennar, på jobben, poppar opp på epost, og får til og med journalistar til å gå på limpinnen ... I USA er "urban legends" nærmast ein kult, og har inspirert mange filmskaparar og forfattarar. Vi har klassikarar som bestemora i teppet og den heltemodige bussjåføren, men òg nyare om farlege sexleikar og galne narkomane. Og visste du at du kan bruke cola som prevensjon? Eller at det er farleg å snakke i mobilen mens du fyller bensin?

I dag blir gjerne vandrehistoriene spreidde i form av e-post. Kven har vel ikkje fått ein mail om vesle sjuke Charlie som treng hjelp. Men litt seinare blir historia dementert. Kva skal vi tru på?


ISBN: 9788252172218

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Hilde Kjerland

Emneknagg: 2008, Hefta,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Hilde Kjerland