{"product_id":"promille-1","title":"Promille","description":"Markus er femten år og har full kontroll. Han har gode venner, gode karakterar og ei søt jente som tekstar han dagleg. Men heime held ting på å gli ut av kontroll. Og det må aldri kome ut. Ingen, ikkje eingong dei som står han nærast, må få vite om mor hans og ølboksane ho prøver å skjule, eller vinflaskene ho prøver å gøyme unna. I alle fall må ingen få vite om det som skjedde i fjor vår.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eVeslesøstera Milla har ikkje merka noko, og pappa seier at alt er fint, at mamma har det betre no, og at det ikkje er noko å bekymre seg for. Men pappa veit ingenting, og om ikkje Markus sjølv tek ansvar for familien, kjem alt snart til å rakne. Igjen.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eMed \u003cem\u003ePromille \u003c\/em\u003ehar Tone E. Solheim skrive ei varm og klok bok om ansvar, drikkepress, alkoholisme i familien og det å miste kontrollen.\u003cbr\u003e","brand":"Tone E. Solheim","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":47975872037085,"sku":"9788234017063","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_621b49e1-486a-493f-aad5-4ca64a6c0591.jpg?v=1781269434","url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/promille-1","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}