Pol

Mette Karlsvik | Bruno Blanchard

Lyrisk og leikande roman frå ein av dei mest spennande unge forfattarane i landet

Pol er ein roman med sprettande tekst som vekslar mellom fjella omkring Bergen og glashuset i sentrum, mellom familieliv og ålmente, embetsstudium, og frilansjournalistikk.

Nordnes Sjøbad pumpar opp nytt vatn kvar morgon, og varmar det opp til kroppstemperatur. Vannstanden i Puddefjorden stig. Å krisemaksimere klimajournalistikken kan på sitt beste vere ei slags demokratiets høgdetrening: Dette er miljøet som Tommine kjem til når ho går mot den straumen som flyttar heim til Kristiansund. Tommine ville vere ein gamaldags, anonym og befriande rotlaus student i Bergen. Men på hamna i Kristiansund står også den viljesterke Pola. Også ho skal til Bergen. Dei tek følgje til Tommine finn raude T-ar i Stølsheimen, og følgjer disse. T-ane tek slutt der Blåisen begynner. Tommine blir bitt til eit tau for å krysse Blåisen på ein forsvarleg måte.

Pol er ei samling sprettande tekstar som vekslar mellom fjella omkring Bergen og glashuset i sentrum, mellom familieliv og ålmente, embetsstudium, og frilansjournalistikk, sjø og sjøbadet som pumpar vatn opp frå fjorden. Mette Karlsvik fekk Tarjei Vesaas' debutantpris 2005 for romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden. I 2007 kom Flytårn, ein roman som til fulle viste at ho er ein av dei mest spennande, unge forfattarane her i landet.

Frå Bokmeldingar

"Sprudlende og leken"
Maria Årolilja Rø, Adresseavisen

"... tek ein seg tid til å lesa setning for setning, slik ein les dikt, kan ein få mange fine opplevingar i lag med denne romanen."
Odd W. Surén, Dag og Tid

"... i økonomisk, minimalistisk stil streker Karlsvik opp byggverk, natur- og byomgivelser. Jeg tror hun ville være god på origami, på å vite akkurat hvor papiret skal håndteres sånn at det skapes helt nye, tredimensjonale figurer ut av en enkel firkant."
Silje Bekeng, Klassekampen

"Se og lær!"
Inger Marie Kjølstadmyr, Nationen

Terning 5 "Dei gjennomgåande korte setningane får eit nesten barnleg-intuitivt preg, men dei gjer samstundes språket kompakt og vibrerande av indre liv og meining. Til tider eit så vakkert og kreativt språk at det er ei estetisk nyting å lese det."
Jostein Sæbøe, Romsdals Budstikke


ISBN: 9788252173376

Kategoriar: Mette Karlsvik

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Mette Karlsvik