Plastposeboka

| Turid Hea Svebakken

Bereposar av plast er noko meir enn ein triviell bruksting. Posane er berarar av ei rik og mangfaldig historie der design, fargar og uttrykksformer speglar den tida posane vart til i. For første gong får vi no ei systematisk, men også svært humoristisk framstilling av plastposens historie i Noreg.

I tillegg til eit rikt biletmateriale inneheld boka ny informasjon om plastposedesign, trendar og marknadsføring. Dette er ei unik biletbok med høg attkjenningsfaktor, ei bok som berre er til lyst. Dei to forfattarane, Liss Unny Hauge og Turid Hea Svebakken, er Noregs fremste samlarar av plastposar. Det desse damene ikkje veit om plastposar, er neppe verdt å vite.


ISBN: 9788252158397

Kategoriar:

Emneknagg: 2001, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Liss Unni Sjøli Hauge