Last ned omslag

Bla-i-boka

Parrot og Olivier i Amerika

Peter Carey | Åsmund Forfang

Intelligent og humoristisk roman av Bookerprisvinnar

To ulike menn møtest i Frankrike rett etter den franske revolusjonen. Den unge aristokraten Olivier har vanskeleg for å finne seg til rette under det nye styresettet, og leitar berre etter eit påskot til å rømme landet. Ei reise til den nye verda for å studere fengselsvesenet er derfor ei glimrande unnskyldning. Livet er heller ikkje heilt trygt for engelske Parrot, son av ein omreisande trykkar og falskmyntar. Saman legg dei to ut på ferda over havet, der Parrot er tilsett som Oliviers sekretær, tenar og beskyttar, og dessutan som spion for Oliviers mor.  Mellom adelsmannen og tenaren oppstår eit slags underleg vennskap.  Olivier prøver å like Amerika, men foraktar det udanna livet der, villmennene og presidentar som ikkje vil gå med parykk.  For Parrot er Amerika ein ny start, utan familiens lettare belasta fortid hengande ved seg. Det er klart for ein skikkeleg kulturkollisjon.

Til norsk ved Åsmund Forfang.


ISBN: 9788252179590

Kategoriar: Peter Carey, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2012, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Peter Carey