Last ned omslag

Bla-i-boka

Norwegen, schönes Land!

Einar Økland

Tyskprodusert fredspropaganda i krigens Norge, 1940-1945

Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte i å lage teikningar, akvarellar og måleri med norske motiv. Desse blei masseproduserte i postkort, bøker, store plansjemapper og som separate vedlegg i tyskproduserte månadsmagasin og tidsskrift.

Reproduksjonane med norske motiv er ein nærast ukommentert sektor av tysk propagandaverksemd under andre verdskrigen. Trykksakene er med få unntak ikkje tilgjengelege i bibliotek, museum, galleri eller referanseverk. Svært få kjenner materialet, og forfattaren Einar Økland har den mest fullstendige og unike samlinga ein kjenner til. Med 144 illustrasjonar i utval gir han her eit oversyn over kva som blei publisert, og kven utgivarane og kunstnarane var.

Målgruppa var eit tysk publikum – ved at okkupantane sende postkort eller fine kunstmapper til slekt og venner i heimlanda, men reproduksjonane var også til sals i Tyskland. Med stort sett nøytrale og fredelege motiv og landskapsskildringar frå Jæren, Stavanger, Preikestolen og Haugesund i sør, via Bergen, Sogn og Trondheim, til Narvik, Tromsø og Nordkapp i nord kunne dei med desse reproduksjonane vise den nordiske delen av det storgermanske riket.

Frå Bokmeldingar

Å se Norge gjennom tyske kunstnersoldaters blikk er merkelig, fascinerende, interessant og lærerikt ... dette er en på alle måter interessant utgivelse som fortjener sin plass i dokumentasjonen av ikke bare andre verdenskrig i Norge, men som et dokument over propagandaens mange ansikter.
Hilde Østby, Aftenposten


ISBN: 9788252192421

Kategoriar: Alle bøker, Einar Økland, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2017, Maisal, Nyheit

Sjanger: Kunst og kulturhistorie


Meir frå Einar Økland