Last ned omslag

Bla-i-boka

Norske malebøker

Einar Økland

Læremiddel - Kunstformidling - Tidtrøyte - Lokkemiddel

Eit fargerikt pionerverk  som med 260 illustrasjonar dokumenterer og synleggjer eit allment kjent, men usynleggjort og sterkt  underkjent kulturhistorisk fenomen, vel 100 år med norskproduserte malebøker for barn. 

Einar Økland har i 40 år kartlagt og sjølv samla fleire hundre titlar som er langt fleire  enn det som finst i offisielle register. I si kronologiske og perspektivrike framstilling viser han døme på dei utanlandske forløparane før vi frå 1890-talet får dei første norskproduserte produkta.

Boka viser korleis store og mindre forlag nytta kjende og mindre kjende kunstnarar i produksjonen av ein boksjanger som ingen hittil har analysert og som berre sporadisk er registrert.  Som bruksbøker er sjangren dessutan å rekne som sjølvdestruerande, men Økland har valt å vise både ubrukte forelegg og  ”brukte” sider.


ISBN: 9788252178777

Kategoriar: Einar Økland, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2012, Innbunden,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Einar Økland