Norsk litterær årbok 2019

Nora Simonhjell | Benedikt Jager

Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. I 2019-utgåva undersøkjer Eivind Tjønneland korleis den sjølvframstillande tendensen og skjønnlitterære framstillingsteknikkar pregar sakprosaen som blei skriven i 2018. Kva skjer med sakprosaen når forfattarane har skjønnlitterære ambisjonar? Lyrikkåret blir sett under lupa, og det same blir vinnaren
av Nordisk råds litteraturpris, den islandske forfattaren Auður Ava Olafsdottirs roman Arr. Jan Inge Sørbøs storverk Nynorsk litteraturhistorie (2018) blir drøfta som litteraturhistorisk verk.

Kva kjenneteiknar samisk ungdomslitteratur? Silje Solheim Karlsen set denne særeigne og lite kjende forma for skjønnlitteratur inn i både eit historisk og samtidig perspektiv.
Christine Hamm tek for seg korleis Sigrid Undset skreiv om den aldrande kvinnekroppen i den siste romanen om Kristin Lavransdatter. Morten Auklend følgjer sniglemotivet i ei novelle av Merethe Lindstrøm. Årboka inneheld også artiklar om Maja Lundes roman Bienes historie lese frå eit økofeministisk perspektiv, norske bestseljarar i Tyskland, Dorothe Engelbretsdatter og digital litteraturforsking i Skandinavia.



Meir frå Nora Simonhjell