Norsk historie 1814-1905

Jan Eivind Myhre

Å byggje ein stat og skape ein nasjon

Bandet skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå unionsstatus til å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. Det har to hovudforteljingar.

Den eine viser korleis landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap og ein nasjonal fellesskap. Dette skjedde gjennom omfattande utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar.

Den andre forteljinga handlar om vegen inn i det moderne, i ein industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda. I denne prosessen utvikla landet seg frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn.

Begge forteljingane er nær knytte til utviklinga av demokratiske institusjonar, som det lokale sjølvstyret, folkerørsler og eit godt utbygd skulevesen.


ISBN: 9788252186550

Kategoriar: Alle bøker, Høgskule og universitet, Jan Eivind Myhre

Emneknagg: 2015, hefta,

Sjanger: Historie og kulturvitskap



Meir frå Jan Eivind Myhre