Norsk by- og bygdesongbok

Velle Espeland

I denne boka er heimstadsongar frå nord til sør i Noreg for første gong samla. Her finn du hyllingssongar til grenda, øya, dalen og fjordbotnen, til dei små plassane og dei store byane.

Dei særeigne by- og bygdesongane har i årevis vore nytta i allsong ved folkefestar og merkedagar, og framleis er det liv i denne tradisjonsrike sjangeren. Boka inneheld både eldre og nyare songar, og utvalet har stor geografisk spennvidd. Kvar av dei 200 songane i boka har melodilinje og gitarbesifring, og opplysningar om opphav. Velle Espeland har stått for utvalet i boka og skrive eit lengre forord til samlinga. Espeland er dagleg leiar ved Norsk visearkiv og har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om viser og folkekultur.

Frå Bokmeldingar

"Det er utrolig gøy å lese hvor mange vakre bygder og grender vi har rundt omkring i vårt langstrakte land [...] Her skulle det være nok å ta av for bygdesanginteresserte og heimføinger fra vårt langstrakte fedreland."
Per Jakob Skanes, Viser.no


ISBN: 9788252170139

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Velle Espeland

Emneknagg: 2007, Innbunden,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Velle Espeland