Norges landbrukshistorie. Bd. II

Kåre Lunden

Band 2 av Norges Landbrukshistorie tek føre seg perioden frå Svartedauden til 1814.

Den norske samfunnstypen var i desse fire hundreåra eit bondesamfunn der den dominderande produksjonseininga var bondehushaldet. Det blir fokusert på levekåra til bøndene, først og fremst økonomisk og økologisk, men også i ein brei samfunnsmessig samanheng. Framstillinga legg stor vekt på den politiske rolla til bøndene og tilhøvet til maktapparatet i samfunnet, mellom anna verknadane av å høyre til ein unionsfellesskap. Bandet kombinerere ei drøftande metodisk innføring i emnet, med ein korthogd, levande og forteljande skrivemåte.


ISBN: 9788252160109

Kategoriar: Alle bøker, Fakta og dokumentar, Kåre Lunden

Emneknagg: 2002, Innbunden,

Sjanger: Historie



Meir frå Kåre Lunden