{"product_id":"noreg-under-den-andre-verdskrigen-2","title":"Noreg under den andre verdskrigen","description":"Den andre verdskrigen er kanskje den mest omdiskuterte og omstridde perioden i norsk historiografi. I boka oppsummerer forfattarane dei ulike realhistoriske sidene ved krigen og diskusjonen om han fram til i dag. \u003cbr\u003eDet blir lagt vekt på at krigen i Noreg ikkje kan sjåast isolert frå den store krigen, og forfattarane ser heile tida hendingane her til lands i eit internasjonalt og komparativt perspektiv, med vekt på Noregs strategiske stilling. I større grad enn andre framstillingar blir linjene trekte både bakover og framover i tid. Sentrale tema er Noreg i stormaktspolitikken, bygginga av Festung Norwegen og omskapinga av norsk økonomi, kvardagsliv, kollaborasjon og motstand. Forsøket på å utrydde dei norske jødane, tvangsevakueringa og nedbrenninga i nord blir også grundig behandla, og ikkje minst rettsoppgjeret og dei langsiktige verknadene av krigen.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eSTIAN BONES er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eHALLVARD TJELMELAND er professor emeritus i historie same stad. \u003cbr\u003e","brand":"Stian Bones","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":48387720708317,"sku":"9788234007316","price":319.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_807d8841-c7a9-420d-aa57-41d712f5a08f.jpg?v=1786989790","url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/noreg-under-den-andre-verdskrigen-2","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}