Utseld
Ein pikant avtale snur opp ned på livet til Karl og drar han inn i eit spel som set både ekteskap og karriere i fare.
Karl Ødegard er nær ved å bli partnar i eit stort advokatfirma i Oslo. Ein dag kjem ein uventa telefon frå faren som han ikkje har sett på mange år. Same dagen blir han invitert ut på middag av ein kvinneleg kollega som kjem med eit forslag. Karl takkar først nei, men grunna eigne feilgrep blir han tvinga inn i eit farleg og uoversiktleg spel.
Fortida pressar meir og meir på, og nye feilgrep gjer at livet hans blir snudd heilt om han har ikkje lenger noko å tape på å dra tilbake til Vestlandet for å ordne opp.