Motorsykkelmysteriet

Magnhild Bruheim

Stian og Stine er like gamle og bur i same huset, dei er stesøsken som nettopp har vorte del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det flaks at både Stian og Stine likar å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko mystisk i nabolaget, og jakta på svaret fører Stian og Stine opp i fleire skumle situasjonar.

Magnhild Bruheim har skrive ein engasjerande spenningsroman for dei yngre lesarane, og heldigvis blir det fleire bøker om søskena Stian og Stine og alle mysteria dei rotar seg opp i!

Frå Bokmeldingar

”Magnhild Bruheim, bosatt på Lillehammer, skriver strøkne krimromaner for unge lesere. (…) ikke bare har Bruheim skapt et sympatisk heltepar, som sikkert mange vil kunne gjenkjenne seg i. Men hun viser også at hun er god til å konstruere situasjoner med passelige elementer av det skumle.”

Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad


ISBN: 9788252192827

Kategoriar: Årets bøker, Barne- og ungdomsbøker, Magnhild Bruheim, Pocket

Emneknagg: 2016, Pocket, Stian og Stine

Sjanger: Barn og unge



Meir frå Magnhild Bruheim