Mot normalt
Bjørn Hatterud er funksjonshemma. Han er fødd med ei form for ryggmergsbrokk og klumpfot og har vore gjennom tallause smertefulle behandlingar og operasjonar. Hatterud har vore eit overvektig mobbeoffer og er dessutan homofil.
Dette er ei forteljing om ikkje å passe inn, om å vekse opp i Brumunddal og vere avvikar og skeiv på alle vis. Dette er ei historie om motgang og liding, men inga sørgjeleg historie. Som mor hans har sagt det: «Eg er så glad du er funksjonshemma. Det har gitt deg pengar frå NAV til studium og tid til å utforske deg sjølv og kva du vil. No kan du arbeide med det du likar, og likevel klare deg økonomisk. Utan funksjonshemmingane hadde du sikkert blitt i Brumunddal og kanskje jobba på posten!»
For Hatterud har funksjonshemminga, homofilien, overvekta og mobbinga vore sjølve billetten til ei klassereise og eit godt liv.
Meldingar

Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad
Maria Kjos Fonn, Klassekampen
Knut Olav Åmås, Aftenposten
Bjørn Hatterud
Bjørn Hatterud (f. 1977) kjem frå bygda Veldre i Ringsaker kommune. Han er kulturskribent, kunstkritikar, kurator, musikar og sit i Kulturrådet. Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018) og Mjøsa rundt med mor (2020). I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også mottatt Fritt Ords Pris.
Fleire foto av Agnete Brun:
Litterære prisar
KRITIKARPRISEN 2020
For Mjøsa rundt med mor
FRITT ORDS PRIS 2020
For Mjøsa rundt med mor
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO