Last ned omslag

Bla-i-boka

Mørkerom

Mette Karlsvik

Om å finne tilbake til fortida og til seg sjølv

Mørkerom handlar om Mette, som gjennom fotografi og minne forsøkjer å gå inn i si eiga fortid – og vidare inn i fortida til faren. Då faren døydde så altfor tidleg av sjukdom, mista ho blikket som gjorde henne til den ho var: Det å ikkje lenger bli sett skapte store endringar. Er det mogleg å finne attende til den ho var i blikket til faren? Kanskje må ho bryte gjennom dei idealiserte bileta ho har skapt av faren? Det å rekonstruere historia til faren kan vere ein veg til å finne fram til seg sjølv. Mørkerom er ein roman om å sjå og bli sett, om minne, identitet og familierelasjonar, og om ein far som var flygeleiar, men også lidenskapeleg oppteken av å fotografere.

Frå Bokmeldingar

... en original og øm beretning om et far-datter forhold ... Mørkerom er blitt en både kompleks og rørende fortelling om nære familieforhold og om betydningen av å bli sett med kjærlighet og forståelse
Turid Larsen, Dagsavisen

Mørkerom er ei svært personleg bok om forholdet mellom far og dotter, og om å miste nokon som ikkje berre ser ein for den ein er, men også for den ein kan bli ... vekkjer trong til å verkeleg sjå seg sjølv og dei rundt seg. For identiteten vår er ikkje berre støypt rundt vårt eige sjølvbilete, men også bygd på bileta vi har av andre. Vi reflekterer kvarandre; ta vare på lyset det gir.
Eivind Myklebust, Klassekampen


ISBN: 9788252194302

Kategoriar: Mette Karlsvik, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2017, Nyheit,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Mette Karlsvik