Last ned omslag

Bla-i-boka

Merkur

Ariana Reines

Rå dikt om det omskiftelege i eksistensen

Merkur er guden for handel, marknad og rikdom i romersk mytologi. Han er også bodbringar mellom gudane og menneska si verd, ein trickster. I alkymien står planeten Merkur for kvikksølv, som representerer ånda, det kvinnelege og det flytande. Eit omskifteleg grunnstoff som kan danne amalgam og - meiner alkymistane - gull.

I ein vekselvis gåtefull og direkte stil krinsar det lyriske eg-et i den amerikanske poeten Ariana Reines si tredje diktsamling rundt tema som skjønnheit, liding og det ustabile, og dekonstruerer dikotomien mellom det heilage og det verdslege. Med eit metaforregister henta frå alkymien blir religiøs og spirituell søking blanda saman med dragninga mot suksess og konsum under kapitalismen, i ei åndeleg drift etter å endre grunndelane i mennesket – å støype om frå bly til gull.

Gjendikta av Anna Kleiva.

Frå Bokmeldingar

«Merkur er altså en planet, en bar, den romerske guden for handel og reise, ikke minst kvikksølv på engelsk, og på sitt beste tangerer Reines flere av disse betydningene. Mot slutten av boka dukker alkymisymboler opp, og om det ikke blir til gull, så er flere av tekstene her mer punktbaserte, og det skaper inkluderende dikt som kan bevege seg hurtig i Reines’ kunnskap og omkring i historie og verden.» Morten Langeland, Klassekampen



Meir frå Ariana Reines