Meisteren Ma

Willy Kyrklund | Hans Hamngren | Gunstein Bakke

Svimlande vakker og særprega dobbelutgjeving

Polyfem forvandla er ved sida av Solange og Meisteren Ma Willy Kyrklunds mest kjende verk. Romanen er ein montasje av korte prosastykke der både greske mytar, fablar og folkedikting, hinduistisk tradisjon og visepastisjar blir tatt i bruk.

Polyfem, som vi møter i bokas første tekst, er kyklopen som hos Homer blir rundlurt av Odyssevs, og som no sit og ventar på at Ingen skal komme attende. Alt får plass mellom første og siste side: Leiken, lengten, mordet og likesæla. Språket er poetisk, sekvensane er både komplekse og djupt humoristiske. Dette er ein svimlande roman, ein av nordisk litteraturs vakraste, som ber om å bli lesen igjen og igjen.

Meisteren Ma er ein kinesisk vismann og tidlegare røvar frå eit fortidig dynasti. Sjølv enda han sitt liv på jorda då han lét seg slynge ut i retning månen ved hjelp av ei mengd fyrverkeri. Det som er att, er skriftene hans. Meisterens ytringar blir fortløpande kommenterte av dei to andre karakterane i boka: den jordnære kona Yao og den saklege tørrpinnen Li. Dei tre stemmene flettar saman ei heilt original forteljing.

Omsett og med etterord av Gunstein Bakke.

Frå Bokmeldingar

Gunstein Bakke [...] presenterer den finske forfatteren Kyrklund (1921-2009) med to verk, «Meisteren Ma» og «Polyfem forvandla». Kyrklund var et språklig geni (han lærte seg sju klassiske språk) og en dikter som veide sine ord på gullvekt. Opptatt av klassiske myter, men også av å gå dem på klingen. Usedvanlig vakker bok (design Judith Nærland), dels illustrert, og den begynner i begge ender. En fryd å holde i hånda.
Fredrik Wandrup, Dagbladet

Terning 5Strålande omsetjing ... heile tida kan lesaren gle seg over Bakkes sikre språkkunst ... Samlaget har gjeve bøkene ei vakker utforming. Dei er trykte slik at båe sidene av boka er ei framside. Ho er solid innbunden i vakre fargar
Emil Otto Syvertsen, Fædrelandsvennen

Det er en fryd å lese Willy Kyrklund ... Med denne utgivelsen forvandler Gunstein Bakke to bøker fra midten av forrige århundre til briljant norsk samtidslitteratur ... Det er dessuten lenge siden jeg oppdaget bøker som jeg så umiddelbart har lyst til å lese om igjen.
Ellef Prestsæter, Klassekampen

En nestor i svensk etterkrigslitteratur i formidlingsglad norsk dobbeltutgivelse ... Grasiøst ... Willy Kyrklund snakker til oss om vår tid. Og det er det som gjør at vi kan og bør forvente oss det samme av Kyrklund i dag som vi gjør av samtidens norske forfattere. I et glassklart og musikalsk klangfullt språk gir oversetteren kropp til en prosa som favner de store dyp, for så plutselig å bråsnu og rekke tunge til leseren. Det er litt av en bok, denne utgivelsen, mener jeg da.
Annelie Axén, Morgenbladet


ISBN: 9788252177671

Kategoriar: Skjønnlitteratur, Willy Kyrklund

Emneknagg: 2012, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Willy Kyrklund