Polyfem, som vi møter i bokas første tekst, er kyklopen som hos Homer blir rundlurt av Odyssevs, og som no sit og ventar på at Ingen skal komme attende. Alt får plass mellom første og siste side: Leiken, lengten, mordet og likesæla. Språket er poetisk, sekvensane er både komplekse og djupt humoristiske. Dette er ein svimlande roman, ein av nordisk litteraturs vakraste, som ber om å bli lesen igjen og igjen.
Meisteren Ma er ein kinesisk vismann og tidlegare røvar frå eit fortidig dynasti. Sjølv enda han sitt liv på jorda då han lét seg slynge ut i retning månen ved hjelp av ei mengd fyrverkeri. Det som er att, er skriftene hans. Meisterens ytringar blir fortløpande kommenterte av dei to andre karakterane i boka: den jordnære kona Yao og den saklege tørrpinnen Li. Dei tre stemmene flettar saman ei heilt original forteljing.Omsett og med etterord av Gunstein Bakke.
Meldingar

Willy Kyrklund
Han debuterte i 1948 med novellesamlinga Ångvälten, og fekk sitt gjennombrot med romanen Solange (1951). Med Polyfem forvandla (1964) og Meisteren Ma (1953) står Kyrklund på si høgd som forfattar, og med denne dobbeltutgivinga blir desse bøkene for første gong tilgjengelege på norsk.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO