Last ned omslag

Bla-i-boka

Meining?

Jon Hellesnes

Religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg

Då interessa for Friedrich Nietzsche vakna første gongen, var Arne Garborg ein av dei som bles i luren. Han tok imot sterke impulsar frå Nietzsche, men utan å ende som servil disippel.

Filosof Jon Hellesnes tek her for seg religionskritikken hos både Nietzsche og Garborg. Dei to er ulike i tilnærminga si, og ulikskapen viser at det kan finnast fleire variantar av  religionskritikk, alt etter kva filosofi den nærer seg av. Han meiner det er misforstått toleranse, og rett og slett farleg, å gjere religionskritikk tabu, fordi forfallsformer av religion i dag utgjer dødelege ideologiar.

I denne boka blir den diskursive religionskritikken som Arne Garborg leverte i 1880-åra, undersøkt og presentert for første gong, etter å ha vore sletta frå det kulturelle minnet. Hellesnes kommenterer også relativt kjende innslag i Garborgs  forfattarskap.

Han argumenterer for at dei religionskritiske og kulturfilosofiske skriftene til «den fremste norske intellektuelle ved førre hundreårsskiftet» er høgaktuelle i dag.

Frå Bokmeldingar

"Religionsfilosofien blir et utfordrende felt for alle de som stiller med et sterkt standpunkt i diskusjonene om sannhetskarakteren i en monoteistisk religion. På dette punktet er Garborgs tekster forfriskende og utfordrende.

Nietzsches tankekraft sprengte den siste resten av kristendommens hegemoni: Moralen. Men han gjorde det på en forutinntatt måte, hevder Hellesnes: Religion var løgn, og kristendommen var verst.

Men ved Hellesnes gode hjelp ser vi at Nietzsches tekster inspirerte Garborg til å skrive om religion og eksistensielle spørsmål på en ny og spennende måte."
Eskil Skjeldal, Vårt land


ISBN: 9788252184570

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Jon Hellesnes

Emneknagg: 2014, Hefta,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Jon Hellesnes