Last ned omslag

Bla-i-boka

Meieriet

Mette Karlsvik

Kan ein leve som kunstnar og vere forelder?

På eit kunstnaropphald i eit ombygd meieri på Island møter Beate Kjell, som ho blir gravid med. Kva slags livsendringar vil det å bli mor innebere, og kva slags mor kan ho greie å vere?

Meieriet er ei lågmælt og kjenslevar forteljing om å slitast mellom lengsel etter nærleik og behovet for å vere åleine, om frykta for fødselsdepresjon og for at kunsten skal bli industri. Den ærlege og sårbare forteljarstemma set ord på kjensler som vanlegvis ikkje blir kommuniserte, når Karlsvik skildrar vegen frå graviditet til barseltid.

Frå Bokmeldingar

«Mette Karlsvik har skrive ein sterk roman om kjerneverdiar ... Karlsvik skriv rikt og poengtert ... I tillegg til å skriva godt, til dels særs godt, tenkjer Mette Karlsvik godt, så godt at lesaren får eit intellektuelt lyft ... ei forvitneleg skildring av eit menneske på innsida og utsida, og rett og slett den ultimate romanen om graviditet, barsel og amming. Mjølk tek mykje plass i denne romanen, mjølk som livskjelde, mjølk som handelsvare, produksjon av mjølk, og tittelen på boka, og plassen der handlinga går føre seg, høver så godt at det lyt karakteriserast som ein genistrek.» Odd W. Surén, Dag og tid



Meir frå Mette Karlsvik