Med tigeren og bjørnen til Panama

Janosch | Janosch | Hanna Midtbø

Dette har vi venta på så lenge: Ei tjukk og feit bok med dei beste historiene om tigeren og bjørnen, for første gong samla mellom to permar!

Samleboka inneheld:Til Panama, til Panama, Kom la oss finne ein skatt, Tigerpost, Eg skal gjere deg frisk, sa bjørnen, God dag, vesle gris og Tigeren har fødselsdag.

Seks flotte biletbøker på eitt brett, til glede for nye og gamle Janosch-lesarar!

Den trufaste, godhjarta bjørnen og den meir sjølvopptekne, krevjande tigeren har for alltid eit rom i hjartet til små og store barn som har møtt dei, og no har ny-komne lesarar sjansen til å få nokre nye venner for livet.

Omsett av Hanna Midtbø.

ISBN: 9788252164879

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Janosch

Emneknagg: 2004, Innbunden,

Sjanger: Biletbøker



Meir frå Janosch