Last ned omslag

Bla-i-boka

Mare

Kristin Sørsdal

Solveig går i land på øya som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på tusenmeter i det krystallklare vatnet. For nokre få år sidan gjekk ein båt ned her, åtte hundre meter ut i havet. 368 menneske drukna. Har Solveig eit morbid ønske om å symje blant døde sjeler eller eit oppriktig ønske om å skjøne lidinga til dei som kjem over havet? Og kvar er eigentleg alle flyktningane og migrantane som avisene fløymer over av?

På den libyske sida av havet gjer ein gut seg klar til å reise. Draumen hans er å reise med eit stort passasjerskip over havet, og deretter ta toget strake vegen til faren, som er i byen dei kallar Bodo. Overfarten byrjar ei natt under stjernehimmelen medan guten leiter etter Kassiopeia mot nord.

Mare utforskar maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa.

Frå Bokmeldingar

Terning 5 ... går inn i si tid og tvingar andres maktesløyse på vårt medvit
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

Terning 5 ... balanserer på ei fin line mellom råskap og atterhald
Torborg Igland, Fædrelandsvennen

Koblingen til en konkret tragedie, med henvisning til redningsarbeidet og loggføring over de omkomne, gir aktualitet og tyngde til fortellingen.
Anne Cathrine Straume, NRK

Romanen opnar seg mot samtida på ein intens måte, og gir meg opplevinga av at den europeiske handteringa av flyktningsituasjonen kjem til å heimsøkje oss.
Eivind Myklebust, Klassekampen


ISBN: 9788252189209

Kategoriar: Kristin Sørsdal, Nyheiter og populære bøker, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2017, Nyheit,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Kristin Sørsdal