Last ned omslag

Bla-i-boka

Lothepus

Finn Tokvam | Leif Einar Lothe

«Dette er ein sjølvbiografi utan dei kjedelege delane.» Lothepus

Leif-Einar Lothe, betre kjend som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk i kjeften, er eit fenomen ingen kan vere likegyldig til.

Over ein million følgde med då Lothepus vann realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017. Men kven er han? Eit ekte mannfolk? Ein dinosaur med forkvakla kvinnesyn? Ein snill og hjelpsam mann? Ein som gir faen? Ein tulling? Eit geni?

Journalist og forfattar Finn Tokvam har hatt mange samtalar med Lothepus for å finne svar på desse spørsmåla. Resultatet er ei bok med røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar. Lothepus fortel om den gongen han flykta frå politiet med hest, om kunsten å ri i fylla, og om då han var på reinjakt på vidda og leigde sjøfly for å gå på pub i Bergen. Han fortel også om kva det gjorde med han at han mista veslebror sin, Stian, i ung alder.

Frå Bokmeldingar

Det var en gang en kar som fanget laks med grabben på gravemaskinen. Og skøyt ørret med hagle. Og mannen ble kalt Lothepus. Og boken hans? Den er bra, jæskla bra! ...
Første kapittel setter tonen og stilen så klokkerent at man får lyst til å ete boken i et jafs som om den var en burger.
Mari Grydeland, Aftenposten

Årets artigste bok, med god margin, full av livserfaring som den oppvoksende slekta sårt kan trenge. ... Boka til Lothepus bør settes på pensum.
Tollef Mjaugedal, Klassekampen

Boken, med undertittelen «Går det til helvete, så går det til helvete», er drivende god.
Lars Kolbeinstveit, Minerva

Terning 5 Rabbagasten Lothepus appellerer til opprøraren i oss. Men tøffingen frå Hardanger er mjuk under skalet.
Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

Biografien - fortellingen om fjorda-cowboyens liv, setter hatten på plass og vel så det. Både på ham og oss. ... [boken er] vel verd å lese.
Mette Bleken, Hardanger Folkeblad


ISBN: 9788252194708

Kategoriar: Alle bøker, Fakta og dokumentar, Finn Tokvam, Leif Einar Lothe

Emneknagg: 2017, Maisal, Nyheit,

Sjanger: Biografi og portrett



Meir frå Finn Tokvam