Lommehunden frå Ribo

Rolf Sagen

Etterlengta oppfølgjar til kultromanen Springfart ved fjorden

I Lommehunden frå Ribo møter vi fleire av personane frå Rolf Sagens kultroman Springfart ved fjorden. Vi møter folk som professor Svale Smule, redaktør Vigleik Bøs d.y. og ikkje minst får vi møte student Halvdan Brun gjennom arbeidet hans med å lage ei tekstsamling og ei slags litteraturhistorie for byen Mox.

I Lommehunden frå Ribo blir vi også nærare kjende med ei rekke forteljarar som Frans-den-Gamle, Jo-liten, Johannes Drable, Rofel Fisk, Tordis Olsen, bjørneskyttaren Hord og fleire andre. Gjennom korte biografiar og tekstutdrag stig desse menneska og deira særeigne lagnader fram for oss.

Springfart ved fjorden kom første gang ut i 1986 og i ny utgåve i 2008.

Frå Bokmeldingar

"Lommehunden frå Ribo er et godt eksempel på at romaner som tar seg friheter alle veier blir original og annerledes lesning."
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

"Denne nye boka er til tider så vittig at ein grip seg i å lesa om att og om att, og å lesa uendeleg seint vidare, for å få teksten til å vare. Og dermed kjem den einaste feilen ved utgjevinga til syne: Boka er for kort. Ikkje for heilskapen si skuld, eller av kunstnarlege årsaker, men av reint egoistiske grunnar, ein kunne tenkja seg å vera i dette herlege, overraskande og intenst komiske tekstlandskapet resten av livet."
Odd W. Surén, Dag og Tid

"Årets bok er så full av burleske innslag og rare figurar at ingen vil finna på å karakterisera dette som ei standardoppvisning i bygderealisme eller vanleg litteraturhistorieskriving."
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad


ISBN: 9788252173185

Kategoriar: Rolf Sagen, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Rolf Sagen