Kanon. Litteraturutval, kanonisering og lesemåtar i norskfaget.

Torill Steinfeld og Bente Aamotsbakken

Forfattarane viser korleis litteraturutvalet har endra seg og variert så lenge morsmålsfaget har eksistert, frå oppstarten rundt 1801 og til dei siste læreplanrevisjonane i 2013. Norskfaget blei til i ei tid der samfunnsdebatten mellom anna handla om nasjonsbygging, oppseding til demokrati og medborgarskap, danningsideal og språk og språkutvikling i Noreg. Korleis litteraturutvalet og lesemåtane i skulen har endra seg, blir sett i samanheng med samfunnet skulen er ein del av, og mange av dei tidlegare debattane er relevante også for vår tid.
Framstillinga vil dra vekslar på nyare teori om kanonisering og tek mellom anna for seg kva kriterium som ligg til grunn for tekstutvala og lesemåtane som pregar dei ulike læreplanane.


ISBN: 9788252198157

Kategoriar:

Sjanger: høgskule og universitet


Meir frå Torill Steinfeld og Bente Aamotsbakken