Litteratur for barn og unge 2006

Per Olav Kaldestad | Karin Beate Vold

Årboka. Litteratur for barn og unge 2006 er no i handelen. Denne utgåva av årboka presenterer den heilt nyaste forskinga om norsk barnelitteratur.

No skjer det noko i barnelitteraturforskinga! Fleire unge forskarar er i gang med nye og spennande prosjekt ved fleire forskingsinstitusjonar i landet, og eit knippe av desse har fått plass i årets utgåve av Årboka. Litteratur for barn og unge..

• Anna Beate Storm-Larsen ser på korleis barne- og ungdomslitteraturen blir motteken, og tek for seg skrivemåtar og kommunikasjonsformer hos klassikaren Tormod Haugen.

• Får vi ei barnleggjering eller ei vaksengjering av litteraturen, spør Åse Marie Ommundsen. Ho viser korleis grensene mellom barne- og vaksenlitteraturen blir viska ut i nyare barne- og ungdomslitteratur.

• Anne Skaret utforskar omgrepet ”fleirkulturell barne-og ungdomslitteratur” og Siri Odfjell Risdal tek for seg korleis røynda vi lever i avteiknar seg i det litterære språket.

• I årets forfattarportrett snakkar Hilde Hagerup om skrivearbeidet og synet på unge jenter.

• Årboka innheld dessutan artiklar av Harald Bache-Wiig, Rolf Romøren og Einar Økland og personlege essays av Iben Sandemose, Arne Svingen og Bjørn F. Rørvik. I årbokas faste kritikarinnslag sørger Agnes Bjorvand og Morten Haugen for å løfte interessante nye titlar og trendar fram i lyset.

Årboka. Litteratur for barn og unge 2006 er no i handelen. Denne utgåva av årboka presenterer den heilt nyaste forskinga om norsk barnelitteratur.


ISBN: 9788252166873

Kategoriar: Høgskule og universitet, Per Olav Kaldestad

Emneknagg: 2006, Hefta,

Sjanger: Språk og litteraturvitskap



Meir frå Per Olav Kaldestad