Last ned omslag

Bla-i-boka

Litt betyr det no likevel

Ragnar Hovland

Hovlands litterære kanon

I si nye essaybok plukkar Ragnar Hovland opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Torgny Lindgren, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck, Arne Garborg, A.A. Milne og Claes Hylinger. Vi får òg lese meir samfunnsorienterte essay, som densterke teksten om Charlie Hebdo, og vi blir vitne til det som kunne blitt eit intervju med Odd W. Surén. Også artisten Nico er å finne i samlinga, og vi får høyre om kunnskapsbøkene som frå tidleg av var viktige for Hovland.

La deg inspirere til å plukke opp dei bøkene du enno ikkje har fått lese – eller dei bøkene du har tenkt du må lese på nytt – etter å ha fått dei levande formidla av Ragnar Hovland, som med denne utgivinga markerer sitt førtiande år som forfattar.

«Det er en fryd å boltre seg i Ragnar Hovlands tekster», skreiv Jon Øystein Flink (Klassekampen) om den førre essayboka, Kunsten å komme heim og andre essay.

Frå Bokmeldingar

«Smittende kjærlighet til rare og skakke bøker [...]. Smålåtne, rare og til dels glemte bøker får velfortjent oppmerksomhet av Ragnar Hovland ... tåler fint å leses flere ganger, blant annet fordi han skuer bakover i litteraturhistorien, og skriver om mer eller mindre glemte klassikere [...]. Hovland fremstår som genuint nysgjerrig på å finne frem til kvaliteten i bøker som har havnet på sidelinjen eller under radaren på det litterære etablissementet. Og han lykkes i stor grad med å gi overbevisende argumenter på hvorfor de fortjener på bli hentet frem igjen»
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende



Meir frå Ragnar Hovland