Lirum larum

Finn Øglænd

Ny diktsamling frå Øglænd!

Utgangspunktet for den nye samlinga til Finn Øglænd er at poeten opplever å runde 50. Vissa om at han no definitivt oppheld seg i middelalderen, medverkar til å kaste både sollys og skugge over diktarens rørsler på jorda.

Ei ny og sterk livsbejaing slåst om plassen med gammalmannsfilosofiane. Og som vanleg held diktaren dommedag over seg sjølv, med ironi og sjølvkritikk. Dette er ei ganske typisk Øglænd-samling, med andre ord. Ei plate med mørk kokesjokolade – rute for rute med bittersøte dikt om alt forfattaren hatar å elske.

 

I dag klypte eg nokre grå hårstrå vekk

frå tinningen. Ansiktet mitt

er ikkje lenger ungt.

Men dei grøne trea gir både skugge og ly.

Eg likar å sjå mi kjære vatne blomane eg ikkje veit namnet på.

Håret mitt er ennå ikkje kvitt.

I eplehagane skal frukt falle ned til hausten,

og under utelampane skal myggen virre rundt som i ein rus.

ISBN: 9788252179279

Kategoriar: Finn Øglænd, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Finn Øglænd