La oss krysse Nilen

Rønnaug Kleiva

Ei kvinne er på reise etter eit kjærleiksbrot, det får ho til å minnast andre reiser. Erindringsbileta glir saman til ei stor og fløymande reise gjennom tider og land. Her er bilete av elvar, hav og vatn - livet, livets vatn, og livets flyt. Under tap og leng ligg ei aning av glee: Det kjem nye dagar, nye reiser, nye tider.

Sidan du forsvann, har veggene falle ned.

Sæden din, som gjekk til spille mellom senga og døra, har blitt igjen på det ubehandla furugolvet og danna ei hard overflate, toler vask, kan knapt ripe det opp med neglene. Har truleg funne ein ny metode for å herde materialer. For å få kroppskontakt ligg eg naken i senga om natta. Eg tenkjer på då du ringde meg på toget ved Tigris, og eg kasta eit blikk på Tigris. Neste gong vil eg sjå Eufrat.

Frå Bokmeldingar

"[...] en deprimerende vakker tekst, som nekter å slippe taket i leseren."
Kjell Olaf Jensen, Aftenposten

"[...] det er treffsikkert gjort, og ikkje minst er alt godt sett."
Odd W. Surén, Dag og Tid

"Autentiske tekster som svinger fra det vakre til det groteske"
Cathrine Krøger, Dagbladet


ISBN: 9788252167450

Kategoriar: Rønnaug Kleiva

Emneknagg: 2005, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Rønnaug Kleiva