Last ned omslag

Bla-i-boka

Kyka

Karin Moe

Kriminell og eksperimentell dobbeltroman

Kyka/1984 er ein tveegga roman, der to bøker møtest på midten: Første delen er lagt til ei lita vestlandsøy ein gong i 50-åra, der utgangspunktet er mordet på bygdas lærarinne. Gjennom 29 kapittel følgjer vi Kyka, ei seksårig jente, som einaste vitne til mordet. Og saman med eit mylder av stemmer, eit sladrekor, gir boka eit innblikk i den kollektive mentaliteten på øya under oppklaringa av brotsverket. Det er ein gåtefull konsept- og kollektivroman, som parodierer og alluderer i alle retningar, men likevel står stødig som ei sjølvstendig, original og språkleg oppfinnsam forteljing. I 1984, med undertittelen Niklas Eggers aborterte skrifter, får vi lese skriftene til ein arbeidslaus, blakk og kåt mann i ei norsk bygd anno 1984. Kyka/1984 er ein av våre mest særeigne og eksperimentelle bøker, ein moderne norsk klassikar.


ISBN: 9788252180664

Kategoriar: Karin Moe, Pocket, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2012, Pocket,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Karin Moe