Last ned omslag

Bla-i-boka

Kvar ein fugl

Hilde Myklebust

Dikt med djupe røter

Frå ein gard i ein fjelldal spring dikta ut. Dei dreier rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon i ei lekkje som strekkjer seg langt attende i tid. I eit konkret og biletsterkt språk fortel dei om garden som ein stad som ser liv komme og gå. Dei som har levd før, er alltid til stades. I steingardar og bygningar, landskap og marker, i namn og spor, gamle tre og i fuglane som flyg over tunet. Nærleiken til naturen er sterk og tydeleg, og slik blir også det forgjengelege eit bakteppe for alt som hender.

Frå Bokmeldingar

Vi høyrer lydane av stega hennar gjennom graset, over myra og på steinane i bekken i orda ho skriv. Og med dette språket, så fullt av lyd, farge, liv og lukt tek ho oss med inn i ei verd som både er oversiktleg lita og uendeleg stor, lokal og universell på same tid, slik god poesi kan gjere det.
Vidar Parr, Synste Møre

Den samlede effekten av Kvar ein fugl, den høyst tradisjonalistiske og antikosmopolitiske standhaftigheten den uttrykker, er forfriskende utidsmessig.
Frode Johansen Riopelle, Morgenbladet




Meir frå Hilde Myklebust