Kunsten å ta feil

Arild Hoksnes

Underhaldande og inspirerande om å ta feil

Perfeksjonismen ligg på oss som ein tung hemsko. Korleis skal vi leve gode liv med alle feila våre? Underhaldande og inspirerande om å ta feil.

Det er menneskeleg å feile, og mange feil har blitt til strålande suksessar. Vi seier at det er feil vi lærer av, men likevel bruker vi krefter på å unngå dei, skjule dei, og veit heller ikkje heilt korleis vi skal leve med dei. Enkeltmenneske, bedrifter og organisasjonar blir tappa for energi ved at det blir pirka på alle slags feil, og brukt unødige ressursar på å unngå uviktige mistak. Perfeksjonismen ligg på oss som ein tung hemsko. Korleis skal vi leve gode liv med alle feila våre?

Arild Hoksnes (f. 1956) kjem frå Aukra i Romsdal. Han er coach, journalist og har gitt ut fleire bøker.

Frå Bokmeldingar

Kunsten å gjøre feil
,

Terning 5 "... folkehumoristen glitrar på kvar side med si språklege klo. ... Han må inneha ein ikkje liten innsikt i aktuelle sider av menneskenaturen og må tydelegvis også ha gjort grundige studiar. At han er ein elegant ordkunstnar veit vi frå før. Til saman munnar dette ut i gjentekne underfundige spissformuleringar som verkeleg har sting... Dette er ei bok som fint foreinar lett og humoristisk lesing med kjelder til innsikt og meistring. Såleis må prosjektet kunne karakteriserast som avgjort vellukka, og boka fortener dermed ein femmar på terningen. Men kanskje tar eg endå ein gong feil, burde det vere ein seksar?"
Arne Ruset, Romsdals Budstikke

Når feil blir suksess
,


ISBN: 9788252173734

Kategoriar: Arild Hoksnes

Emneknagg: 2010, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Arild Hoksnes