Det er menneskeleg å feile, og mange feil har blitt til strålande suksessar. Vi seier at det er feil vi lærer av, men likevel bruker vi krefter på å unngå dei, skjule dei, og veit heller ikkje heilt korleis vi skal leve med dei. Enkeltmenneske, bedrifter og organisasjonar blir tappa for energi ved at det blir pirka på alle slags feil, og brukt unødige ressursar på å unngå uviktige mistak. Perfeksjonismen ligg på oss som ein tung hemsko. Korleis skal vi leve gode liv med alle feila våre?
Arild Hoksnes (f. 1956) kjem frå Aukra i Romsdal. Han er coach, journalist og har gitt ut fleire bøker.
Meldingar

Arild Hoksnes
Hoksnes er coach, journalist, og har gjennom talrike NRK-kåseri i over 10 år utvikla eit særeigent skråblikk på Møre og Romsdal (ein del av desse kåseria er samla i boka Borti Huttaheiti). Han er dessutan kjent som artist og humorist for bedrifter, med eigne forestillingar i fylket. Den første av humorbøkene på Samlaget, "I" - Den store romsdalskonspirasjonen (2003) handla om den romsdalske konspirasjonen med Bondevik, Røkke og Reiten i spissen, og fekk sett på kartet det samanfall at ei rekkje av dei fremste nordmennene er romsdalingar og tilsynelatande heiter Kjell. Den fjerne boka, Exit Møre og Romsdal frå 2006, spår om at Møre og Romsdal fylke vil forsvinne som eigen region, og uansett om det skjer eller ikkje er spørsmålet kvifor deis lest så gale i dette fylket men likevel vil halde i lag. I Artig og artig frå 2008, har Arild Hoksnes har endeleg fått gjennomslag for at Romsdal ligg mellom Sunnmøre og Nordmøre. Kunsten å ta feil frå 2010 er ei underhaldande og inspirerande bok om å ta feil: Vi seier at det er feil vi lærer av, men likevel bruker vi krefter på å unngå dei. Hoksnes minner oss om at mange feil har blitt til strålande suksessar. For sin langvarige kulturinnsats frå musikk til humor fekk Arild Hoksnes Møre og Romsdal fylkes kulturpris for 2005. Som NRK-medarbeidar frå 1980-1991 og musikar med Spellemannpris i folkemusikk frå 1981, er Hoksnes representert på Samlaget med den einaste musikkhistoriske framstillinga av gammaldansmusikken si framvekst i Noreg gjennom 200 år, Vals til tusen. Sjå òg Hoksnes sine eigne heimesider.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO